Bu i Leikanger?
Leikanger Næringshage arbeidar med å få fram fleire husvære for utleige eller sal til dei som vil busetja seg i kommunen. Det er mange nye stillingar i dei offentlege etatane som gjer at det til tider har vore mangel på husvære. Ledige bustader finn du her: Bustadliste

Nybøstrondi
Leikanger Avis!
I samband med innflyttinga i Saften, er det gitt ut ei eiga avis i regi av Leikanger Næringshage. Simone Stibbe har vore redaktør og har gjort ein kjempeinnsats med den flotte avisa. Leikangeravisa-web.pdf
Nytt forretningsbygg
I april 2009 opna Saften, det nye handlesenteret på Leikanger. I tillegg til forretningar inneheld Saften ein lenge etterlengta hall for både idrett og kultur. Kulturdelen kan skiljast av frå hallen når den skal brukast til arrangement. Sogn Avis og Husabø Prenteverk har også tilhald i bygget. Det er dessutan ein del ledig areal til forretningar eller kontor. Saften vil også få eit stort uteareal til fellesbruk. Saften er nabo med Leikanger Næringshage og vil slik forsterka næringslivet i området.
Café Herman
Kjellaren i Gamlehotellet framstår no som ein urban café med moderne servering i gamle rom. Jonathan Di Blasi er vert og gründer og helsar gjester på amerikansk og norsk. Han har med seg ein tysk kokk og saman driv dei ein etterlengta serveringsstad i administrasjonsbygda.
Hulder
I lag med næringshagane på Nordfjordeid og i Flora, hjelper me kvinner med forretningsidéar. Ein del av desse er no med i eit etablerarprosjekt. Det vert arbeidd med planar, økonomi, marknadsføring og anna som høyrer forretningslivet til. Men berre det å møta andre er viktig, Den som vil starta for seg sjølv treng ikkje gå åleine heile tida. Eit felles forum kan vera avgjerande eller til stor hjelp.
Meir info, sjå www.huldra.biz
Janne Nes
stiller ut i Drammen. Utstillinga Sans i farga silke vert å sjå i Kunstsenteret i Buskerud frå 31.5-10.8.2008.

Kube II - Janne Nes
Seniorkraft
Leikanger Næringshage har oppretta ei oversikt over seniorar i fylket som er interesserte i arbeid. Seniorane er vår tids potensiale for auka arbeidskraft og mange er interesserte i å ta arbeid i kortare eller lengre periodar sjølv om dei er ute av ordinært arbeidsliv. Arbeidsgivarar som treng kompetent arbeidskraft kan kontakta oss og be om CV-ar.
Her er kandidatane: Seniorkraft
Senior og interessert i arbeid?
Det er mykje god arbeidskraft og kompetanse i seniorar. Leikanger Næringshage vil gjera ei kartlegging for å dra nytte av desse ressursane. Dersom du i dag er AFP-ar eller pensjonist, er du kanskje interessert i å arbeida i periodar likevel? Det er også slik at nokre ønskjer seg anna arbeid sjølv om ein har passert 50 - og me vil gjerne ha kontakt med denne gruppa òg.
Oppysningane vert stilte til rådvelde for bedrifter og etatar som kan ha behov for arbeidskrafta di til eit prosjekt eller eit oppdrag ein periode.
Dersom du er interessert, sender du ein kort informasjon om deg sjølv:
- Kompetanse
- Adresse
- Kva slags og kor mykje arbeid du er interessert i.
Adresse: post@leikangernh.no eller postadresse: Sognefjordvegen 40, 6863 Leikanger.
Fruktbare Leikanger
Blant eple og sauer finn du ei høgt utdanna busetjing.
I verdas lengste turistattraksjon – Sognefjorden.
Med 100% barnehagedekning og godt klima.
20 km til skule- og handlesenteret Sogndal.
Fjorden er isfri - og til heilårsbruk.
Rimeleg husleige og tomter.
Fjellturen startar i tunet.
Statistikk for nedbør:
- Leikanger 980 mm
- Sogndal 1025 mm
- Førde 2300 mm
- Bergen 2200 mm
- Oslo 685-1200 mm
Me ønskjer småbedrifter velkomne til oss - me har vårt på det turre!
Sogn Etablerarskule
Har vore gjennomført 3 år på rad. Kurset går om hausten og går over 4 helgesamlingar og 2 kveldssamlingar. Her får potensielle etablerarar læra mykje om fleire fagfelt på kort tid. Føremålet med kurset er å førebu etablerararne best mogleg før ideane deira skal setjast ut i handling. Dyktige førelesarar tek føre seg mange tema som inngår i ein samla forretningsplan og denne planen skal vera oppskrifta på korleis ein går vidare etter avslutta kurs.
Faktaark Sogn Etablerarskule