PRESSEMELDING:
Varm mottaking av framtidsfylket.no
Portalen framtidsfylket.no fekk ei varm og positiv mottaking under lanseringa på IT-forum i Loen onsdag 26. september.
Stor begeistring
- Vi er kjempenøgde med den varme mottakinga vi fekk på IT-forum, seier
Geir Andre Helle, prosjektleiar for framtidsfylket.no. 26. september la han og andre traineekollegaer frå fylket fram den splitter nye jobb- og rekrutteringsportalen framtidsfylket.no for 280 imponerte konferansedeltakarar i Loen. Fylkesmann Oddvar Flæte stod for den offisielle opninga, og vart takka for støtta med t-skjorte og reisetannbørste med framtidsfylket sin logo.
Han understreka at utfordringa no er at portalen blir teken i bruk av jobbsøkarar så vel som arbeidsgjevarar, kommunar og bedrifter i fylket.
Lokal eigarskap
Næringslivet i regionane såg tidleg nytta i framtidsfylket.no. Portalen skal driftast av NHO Sogn og Fjordane, og fire representantar for regionane (Nordfjord, Sunnfjord, HAFS og Sogn) fungerer frå no av som kontaktpunkt mellom arbeidslivet og portalen.
- Sogn og Fjordane treng fleire innbyggjarar, og verksemdene i fylket treng eit mangfald av kompetanse. I så måte er framtidsfylket.no ein glimrande reiskap, seier Alfred Bjørlo i Måløy Vekst.
- Vi gler oss til å ta portalen i bruk, seier ein entusiastisk Gro Rukan i Sunnfjord Næringsråd.
Bakgrunn:
Nettportalen framtidsfylket.no skal synleggjere mangfaldet i arbeidslivet i Sogn og Fjordane og gjere det lettare for arbeidssøkarar og arbeidsgivarar å finne fram til kvarandre. Målet er å gjere det enklare å rekruttere tilflyttarar og hente unge vaksne attende til fylket.
Traineeane som står bak portalen framtidsfylket.no har hatt 12-månadersstillingar i bedrifter i Sogn og Fjordane (Vestlandsforsking, Sogn og Fjordane Energi, Høyanger Næringsutvikling og Sparebanken Sogn og Fjordane).
Kontakt:
Idun Husabø Anderssen
Vestlandsforsking
iha@vestforsk.no
41469328