Etter nærare 20 års arbeidserfaring i rådgjevarbransjen har han no vald å starte eiga verksemd - Sivilingeniør Tobias Dahle. Verksemda er organisert som eit personleg føretak.
 
Han tilbyr rådgjeving innan kommunalteknikk, i første rekke knytt til drikkevatn og handtering av avløpsvatn.  Arbeidsoppgåvene er i særleg grad knytt til ulike utgreiingsarbeid og strategigioppgåver. Målgruppa er kommunane i første rekke vestlandsfylka Hordaland og Sogn og Fjordane men arbeider og på landsbasis.
 
I tillegg driv han Driftsassistansen i Sogn og Fjordane. Dette er ein medlemsorganisasjon der 23 (av 26) kommunar i fylket er medlemmar. Viktige føremål med organisasjonen er kompetanseauke og erfaringsutveksling innan kommunalteknikk for medlemskommunane. For nærare informasjon om driftsassistansen sjå heimesidene www.disfva.no