5 mikrobedrifter skal vidareutviklast
Dei bedriftene som skal vera med i programmet vårt er: Sognefjord Hotell, Vik IT-partnar, Vik Trafokjøt, Jostedal Hotell og JJ Design.

Det er 3 konsulentar som har fått oppdraget med å løfta 5 utplukka bedrifter i Sogn. Dette er bedrifter som har ønskje og vilje til ekspansjon på eit eller fleire felt. Dei tre konsulentane har ansvar for kvar sine fagfelt.

Roar Werner Vangsnes har spesialområde reiseliv/bygdeutvikling.
Åslaug Stadheim Ese tek seg av økonomi og organisering.
Vidar Bondevik har ansvaret for marknadsføring og profilering.