Næring og Nyskaping er ei fylkesdekkande gratisavis som har kome ut 2 gonger i året. Det er S-Info Markedsforum som står bak avisa som no aukar til 3 opplag årleg. Samtidig går Høgskuleavisa inn. Den har kome ut sidan 1988 og vart i si tid skapt med Henning Rivedal og Anne Valvik som fadderar. No har Høgskulen i Sogn og Fjordane fjerna avisa frå budsjettet, noko som betyr at den ikkje lenger kjem ut. For S-Info betyr dette at dei i 2007 fortsatt kjem til å gje ut 3 fylkesdekkande aviser.