|
Skald har opna kontor i Bergen. Omsetnaden har auka dei siste åra og dei har valt å styrkje vestlandsprofilen. Forlaget har no fire fulltidstilsette – ein på Bergenskontoret og tre på hovudkontoret i Leikanger.Ansvarleg for Bergenskontoret i Strandgaten er nytilsette Brit Aksnes som byrja i stillinga i januar. Ho kjem frå Norheimsund og har brei erfaring frå bokhandelsbransjen. Aksnes skal arbeide som forlagsredaktør og marknadsansvarleg for Hordaland og Rogaland.
|