Sogn Etablerarskule
Leikanger Næringshage har arrangert Sogn Etablerarskule i tre år – med stort hell. Til saman 59 deltakarar har gjennomført kurset i løpet av desse tre åra. Deltakarane har fått kunnskap om etablering av eiga verksemd og knytt kontakt med andre deltakarar, rettleiarar og bedriftsleiarar.
I løpet av dei tre åra har gjennomsnittleg 37 % av deltakarane etablert eiga verksemd etter at dei gjennomførte kurset.
2004 2005 2006
Tal deltakarar 24 pers 19 pers 16 pers
Hadde etablert verksemd før kurset: 7 pers 4 pers 1 pers
Etablerte verksemd etter kurset: 10 pers 7 pers 5 pers
Kostnad pr. deltakar: kr. 24.800,- kr. 28.900,- kr. 31.900,-
Kostnad pr. etablering: kr. 35.000,- kr. 50.000,- kr. 85.000,-
Sum kostnader: kr. 595.000,- kr. 550.000,- kr. 510.000,-
Kartlegging gjennomført januar 2007. Vi reknar med fleire etableringar i denne gruppa ved ny kartlegging januar 2008.
Sitat frå deltakar ved kurset i 2006:
Har du etablert eiga verksemd etter at du deltok på Sogn Etablerarskule?
”Ja, det har jeg, og jeg ville ikke klart det uten Sogn Etablererskule! I så fall måtte jeg ha brukt mye lenger tid”.
Sogn Etablerarskule har hatt elevar frå følgjande kommunar:
Selje, Vik, Balestrand, Leikanger, Sogndal, Luster, Årdal, Lærdal og Aurland.